søndag 25. november 2012

Retorikk med fokus på framføring

Norsk,Vg3,påbygging til generell studiekompetanse

Tema: Retorikk med fokus på actio  

Kompetansemål
Læreplanen seier at eleven skal kunne:

Leksjon 1: ( Tidsbruk;45 minutt)
               
  • bruke omgrepsapparatet frå retorikken for å analysere og vurdere tekstar i ulike sjangrar
  • presentere eit norskfagleg emne og problematisere det framlagde stoffet

Kort repetisjon av tidlegare førelesing

Språket vårt er eit sterkt maktmiddel. Retorikk kjem frå gresk rhetor - tale og techne - kunst. Vi kan omsetje det med " læra om talekunsten."Altså er retorikk læra om korleis vi skal vinne fram ved hjelp av språket.All bruk av språket er retorisk, og ein god retorikar er ein som bruker språket bevisst. 
Læra om talekunsten, retorikken, utvikla seg i det gamle Hellas ca.400 år f.Kr. 
Aristoteles(384-322 f. Kr.)
Filosofen Aristoteles skreiv ei lærebok om retorikk omkring 330 f. Kr.Læreboka heiter Retorikk og omgrepa vi skal ta føre oss i denne bloggen er henta der.  Retorikk var ein disiplin i den greske skulen og vart altså  utvikla av Aristoteles og Cicero for 2500 år sidan. Aristoteles blir kalla " Retorikken sin far".Talekunsten var ein viktig disiplin i Antikken. Aristoteles (384-322 f. Kr.) seier at oppgåva til retorikken er å få fram kva som ligg i ei sak, før vi tek stilling til henne.Retorikken tek utgangspunkt i noko vi alle gjer, nemleg å argumentere eller prøve å overbevise andre.



Cicero(106-43 f.Kr.)
Romersk retorikk vidareførte den greske.Kunsten å overtale og overbevise andre vart utvikla i det gamle Roma. Den største av dei romerske talarane var Cicero( 106-43 f.Kr.). Over 50 av talane hans er bevarte, og fleire av dei er framleis berømte.Cicero skreiv og bøker om retorikk og historia til retorikken.

Gamal kunnskap som framleis er aktuell
Retorikken gjev oss kunnskap om korleis vi blir overtalte og påverka av andre, og han forklarer korleis vi sjølve kan overtale og påverke andre til å meine det same som oss. Moderne retorikk handlar både om å bruke og å undersøkje kritisk korleis språket blir brukt.Det er viktig for dei fleste å kunne forstå og tolke det andre seier og skriv, men også å kunne gje klart uttrykk for eigne meiningar, både skriftleg og munnleg.


Tre måtar å overbevise på - formulere argumenta.


Aritoteles  tok i bruk omgrepa etos, logos og patos.

Etos; Den som skal oppnå noko, må ha respekt, truverde og vekkje tillit.
Døme; Borgarrettsforkjemparen Martin Luther Kings tale "I have a dream" var svært verknadsfull. Han var afroamerikaner og hadde eiga erfaring og difor kunne han stå fram som truverdig. Vi har tillit til personar som gjev inntrykk av at dei veit kva dei snakkar om. Studer gjerne denne videoen fleire gonger.

Logos; Når ein har skapt ein kontakt og fatta interesse for ei sak, må det argumenterast godt for at ein skal tru på bodskapen . Altså fornuftige bruk av argument. Argumenta må  vere overtydande, logiske og sanne.

Patos;Når ein skal påverke nokon, er det lurt å spele på kjenslene hos tilhøyrarane. Tilhøyrarane let seg lett rive med av ein talar som er engasjert. Orda verkar meir ekte. Altså skal ein vekke begeistring hos  tilhøyrarane.
  1. Les meir på eiga hand her er ein god nettressurs - studer denne:Kunsten å overbevise, ndla
Studer: Ein liten del av Martin Luther King tale i 1963; " I have a dream"

I dette utklippet bruker Martin Luther King fleire verkemiddel for å skape tillit (etos), oppnå kontakt og få tilhøyrarane til å hugse bodskapen. Han understrekar truverdet sitt ved å trekkje barna sine inn i talen (etos). Talen vil bli hugsa på grunn av gjentakingar,bileta og kontrastane.  (Logos) Mississippi blir samanlikna med ein ørken som steikjer i varmen frå urett og undertrykking. Dette verkar mykje sterkare på tilhøyrarane enn  om han tala om Mississippi som ein hyggeleg stad. Kontrastane kjem fram når røyndommen, ein ørken, blir sett opp mot draumen, ein oase av fridom og rettferd.(Patos) Gjentakinga " Eg har ein draum" har vorte eit symbol for kampen for rettferd.

Fokus på actio


"Fremføringen skaper talerens suksess"(Johann Wolfgang von Goethe)

Ved actio blir bodskapen framført som ein munnleg tekst der både ord, stemme og kroppsspråk spelar inn. Actio handlar ikkje om kva du seier, men korleis du seier det.

 Stikkord for førelesing / dialog med elevane:
  • Publikum må vere klar - stille og lyttande.
  • Kven seier kva til kven, korleis og kvifor?
  • Truverdig - kan tema du skal snakke om 
  • Tryggleik
  • Stemmebruk; - snakke høgt,- tydeleg - roleg framferd, - variasjon av stemmebruk og toneleiet
  • Forstyrringar ( uvanar, æh, øh, hm...)
  • Konsentrasjon
  • Kroppsspråk 
  • Unngå dobbelkommunikasjon
  • Klede gir signal
  • Blikk på publikum - augekontakt
  • Minimalt bruk av manuskript
  • Tilpasse språket til emnet og tilhøyrarane
  • Bruk av hjelpemiddel - alt utstyr må vere klart og testa
  • Korleis skal du stå i høve til publikum og ved bruk av Smartboard ?
  • Studer førelesinga om verkemiddel på nytt, slik at du oppdaterer deg om verkemidla ein nyttar for å overbevise andre. Og studer tidlegare førelesing om retorikk.
  • Studer : Signatur 3, retorikk 
  • Dersom du vil ha fleire døme- studer:NRK - retorikk 

Oppgåve: Gå til den hemmelege gruppa på "Facebook". Diskuter kva som er viktig å tenkje på ved framføring av særemnet .Bruk stikkorda, læreboka, spørsmåla og forelesinga. Hjelp kvarandre med gode tips. 

Kjelder;
NDLA,norsk,Vg3
Signatur 3,Samlaget
Jansson,Kristoffersen,Krogh,Michelsen (2008): TemaVG3,Norsk språk og litteratur, Samlaget


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar